Bergans of Norway
believe in tomorrow. explore today.

Login

Hei!

Vi har fått nye nettsider. Har du handlet av oss før må du trykke på glemt passord for å få tilgang til mine sider. Har du ikke handlet av oss før må du først registere deg.

  • Hem
  • Om oss
  • Ambassadörer
  • Ivar Løvik

Ivar Løvik

Sidan eg vaks opp langs fjellsidene langt inne Sognefjorden, har tilgangen til fjellet alltid vore kort. Her inne i fjorden i Sogn er me ofte heldig med lange og snørike vintrar. Nærleiken til Jostedalsbreen og Hurrungane gjer at me ofte kan begynne skisesongen tidleg på hausten og avslutte sesongen seint på våren/sommaren. Eg gløymer aldri ein tur i Hurrungane i starten av juni for nokre år sidan. Snøen var tørr og djup, medan det var sommar nede ved fjorden. Betre blir det ikkje!

Frå eg var liten har skikøyring vore ein viktig del av livet mitt. Fjellet og snøen har alltid vore ein leikeplass der eg kan utfordre skiferdigheitene og utvikle kunnskapane om trygg ferdsel til fjells. For meg er begge like viktig! Dei siste 10-15 åra har eg utforska mange av skilinjene heimfjella har å by på. Eg prøver alltid å utforske nye områder kvar vinter, eller ta ein ny vri på ein gammal klassikar. Kvar vinter er ulik og noko av det som fasinerer meg mest er at snøen legg seg forskjellig på fjella frå år til år. Dette gjer at nye skilinjer og variantar stadig dukkar opp.

Det er stas å vere ambassadør for Bergans. For fjellfolk er det viktig å ha produkt av høg kvalitet ein kan stole på. Samtidig er det veldig viktig for meg å representere eit berekraftig merke som tek miljøet og samfunnsansvaret på alvor slik Bergans gjer.

Fjellet har alltid vore ein andre heim for meg. Det betyr mykje å få gode opplevingar til fjells med vener og familie. Så eg prøver å komme meg til fjells så ofte som mogleg!

Ivar

FØLG IVAR LØVIK »

Företagsinfo

Powered by Jetshop

Bergans of Norway